1 Ester svara: «Dersom kongen finn det for godt, så lat jødane i Susa også i morgon få handla etter den lova som gjeld i dag, og lat dei ti sønene til Haman bli hengde på ein påle!»
14Kongen sa at dette skulle gjerast, og det vart fastsett ved lov i Susa. Og dei ti sønene til Haman vart hengde.
15Jødane i Susa samla seg igjen den fjortande dagen i månaden adar. Dei drap tre hundre mann i Susa. Men dei la ikkje hand på byttet.
16Dei andre jødane i kongens provinsar slo seg òg saman og forsvara livet sitt. Dei fekk fred for fiendane sine og drap syttifem tusen av dei som hata dei. Men dei la ikkje hand på byttet.
17Dette hende den trettande dagen i månaden adar. Den fjortande dagen kvilte dei, og dei gjorde han til ein dag for fest og glede.
18Men jødane i Susa samla seg både den trettande og den fjortande dagen. Dei kvilte den femtande dagen og gjorde han til ein dag for fest og glede.
19Neh 8,10ffDifor er det at jødane som bur i bygder og landsbyar, gjer den fjortande dagen i månaden adar til ein dag for glede, fest og gjestebod, ein dag då dei sender mat som gåver til kvarandre.
Purim-festen20Mordekai skreiv ned desse hendingane. Så sende han brev til alle jødane i alle provinsane til kong Xerxes, dei som var nær, og dei som var langt borte.
21Han baud at dei kvart år skulle feira den fjortande og femtande dagen i månaden adar.
22For det var på desse dagane jødane hadde fått fred for fiendane sine, og i den månaden klaga vart vend til glede og sorga til fest. Difor skulle dei feira dei som dagar for fest og glede og senda mat som gåver til kvarandre og til dei fattige.
23Jødane gjorde det til tradisjon, det som dei hadde teke til med, og som Mordekai hadde skrive til dei om.
24For Haman, son til Hammedata, agagitten, motstandaren til alle jødar, hadde planlagt å gjera ende på jødane, og han hadde kasta «pur», det er lodd, for å knusa dei og gjera ende på dei.
25Dette kom fram for kongen. Då baud han i eit brev at dei vonde planane som Haman hadde lagt mot jødane, skulle koma over hans eige hovud. Slik vart både han og sønene hans hengde på pålen.
26Difor blir desse dagane kalla «purim», etter ordet «pur». På grunn av alt som stod i dette brevet, og på grunn av det dei hadde sett og opplevd,
27gjorde jødane det til tradisjon for seg sjølve, for sine etterkomarar, og for alle som ville slutta seg til dei, at dei kvart år, utan unnatak, skulle feira desse to dagane til fastsett tid, som det var skrive.
28Desse dagane skulle minnast og feirast gjennom alle tider og i alle slekter, i kvar provins og i kvar by. Purim-dagane skulle aldri falla bort mellom jødane, og aldri gå av minne hos etterkomarane deira.
29Dronning Ester, dotter til Abihajil, og jøden Mordekai skreiv eit offisielt brev for å stadfesta det andre brevet om purim.
30Og Mordekai sende brev til alle jødane i dei 127 provinsane i riket til Xerxes med ønske om fred og tryggleik.
31Dei skulle feira desse purim-dagane til fastsett tid, slik jøden Mordekai og dronning Ester hadde sagt, og slik dei òg hadde lova for seg og sine etterkomarar, med ord om faste og klage.
32Så vart desse orda om purim stadfeste etter bod frå Ester, og dei vart skrivne ned i ein bokrull.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.