1 Einsam sit ho,
den folkerike byen.
Ho har vorte enkje,
den store mellom folka.
Dronninga mellom landa
har vorte slave.
Betב2 Ho græt om natta,
kinnet er vått av tårer.
Ingen av elskarane
trøystar henne.
Venene har svike,
dei har vorte fiendar.
Gimelג3 5 Mos 28,65 Juda drog i eksil
etter naud og slaveri.
Ho bur mellom folka,
finn ikkje kvile.
Dei som jaga, tok henne att
der det var trongast.
Daletד4 Jes 3,26; Jer 14,2 Vegane til Sion sørgjer,
ingen kjem til festane.
Byportane ligg aude,
prestane sukkar.
Ungjentene klagar,
sjølv har ho bitter sorg.
Heה5 5 Mos 28,43f Motstandarane har vorte herrar,
fienden lever trygt.
Herren har late henne lida
for hennar mange synder.
Fienden dreiv småborna
framfor seg som fangar.
Wawו6Dotter Sion mista
all si prakt.
Hovdingane hennar likna hjortar
som ikkje finn beite.
Kraftlause gjekk dei
framfor han som jaga.
Zajinז7Jerusalem minnest, heimlaus, i naud,
fortids prakt.
Folket fall for fiendehand,
ingen hjelpar fanst.
Fienden såg på og lo
medan ho gjekk under.
Hetח8 Esek 16,37 Jerusalem har synda grovt,
difor er ho urein.
Alle som æra henne,
foraktar henne,
dei har sett henne naken.
Ho stønnar og snur seg bort.
Tetט9 Jes 47,7; Luk 19,42 Ureinskapen viste på kappa,
ho tenkte ikkje det skulle enda slik.
Djupt sokk ho,
ingen trøysta henne.
Herre, sjå mi naud,
fienden triumferer!
Jodי10 5 Mos 23,3; Neh 13,1; Sal 79,1; Apg 21,28 Fienden greip
etter skattane hennar.
Ho såg folkeslaga
gå inn i heilagdomen,
dei du nekta å koma
inn i di forsamling.
Kafכ11Alt folket hennar stønnar
medan dei leitar etter brød.
Dei byter skattar mot mat
for å berga livet.
Sjå, Herre, sjå hit!
Eg er forakta.
Lamedל12 Dan 9,12 Sjå hit,
de som går forbi på vegen.
Finst det ei smerte som mi,
den som har råka meg?
Den lèt Herren meg lida
på sin brennande vreidedag.
Memמ13Han sende eld frå det høge,
lét han herja i knoklane mine.
Han sette ut nett for føtene
og lét meg vika tilbake.
Han har gjort meg til ei øydemark,
heile tida er eg sjuk.
Nunנ14 Sal 38,5 Med handa knytte han syndene mine i hop,
dei vart bundne saman til eit åk.
Dei låg over nakken på meg,
og kreftene svikta.
Herren gav meg i hendene
på folk eg ikkje kunne stå meg imot.
Samekס15 2 Krøn 36,17; Jes 63,3; Op 19,15 Herren vraka
alle mine krigarar.
Han ropa ut for meg ei høgtid
då mine unge menn skulle knusast.
I vinpressa trakka Herren ned
jomfrua, dotter Juda.
Ajinע16 Jer 9,1; 14,17 Difor græt eg,
tårene strøymer frå auga.
Den som kan trøysta og berga mitt liv,
er langt borte frå meg.
Borna mine ligg forlatne,
fienden var for sterk.
Peפ17Sion rette ut hendene,
ingen trøysta henne.
Herren gav påbod om Jakob,
fienden omringa han.
Då vart Jerusalem
urein for dei.
Tsadeצ18 Dan 9,7ff Herren er rettferdig.
Eg hadde trassa det han sa.
Høyr då på meg, alle folk,
sjå kor eg lid!
Unge jenter og gutar
måtte gå i fangenskap.
Qofק19 1,2.11 Eg ropa på elskarane mine,
dei sveik meg.
Prestane mine og dei eldste
døydde i byen.
Dei leita etter mat
så dei kunne berga livet.
Resjר20 5 Mos 32,25; Jer 4,19; 9,21 Sjå, Herre, eg er i naud.
Magen er uroleg,
hjartet vrid seg.
For eg var full av trass.
Ute har sverd gjort meg barnlaus,
inne rår døden.
Sjinש21 Jer 51,35 Dei høyrer at eg sukkar,
ingen trøystar meg.
Alle fiendar høyrer om mi ulukke og gleder seg.
Men det var du som stod bak.
Dagen du ropa ut, lét du koma.
Men det skal gå med dei som med meg.
Tawת22Du må merka deg
all deira vondskap!
Gjev dei att slik du gav meg att
for alle syndene mine.
For sukkane er mange,
og hjartet mitt er sjukt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.