1 Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle judearane og alle som budde i Jerusalem – prestane og profetane, heile folket, både små og store – følgde han. Han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus.
3Kongen stilte seg opp ved søyla og gjorde ei pakt for Herrens andlet: Folket skulle følgja Herren og halda hans bod, reglar og forskrifter av heile sitt hjarte og heile si sjel. Alle dei paktorda som var skrivne i denne bokrullen, skulle dei halda. Og heile folket gjekk med i pakta.
4 Så flytte Josjia alle prestane inn frå byane i Juda. Og offerhaugane der prestane tende offereld, gjorde han ureine, frå Geba til Beer-Sjeba. Han reiv òg heilagstadene ved byporten, som låg ved porten til bykommandanten Josva, til venstre når ein går inn gjennom byporten.
9Dei som hadde vore prestar på offerhaugane, fekk ikkje bera fram offer på Herrens altar i Jerusalem. Men dei fekk eta usyra brød saman med brørne sine.
10Også Tofet i Hinnom-dalen gjorde Josjia ureint. Ingen skulle la son sin eller dotter si gå gjennom elden for Molok.
11Han fekk bort dei hestane som Juda-kongane hadde vigsla til sola; dei stod ved inngangen til Herrens hus, ved kammeret til hoffmannen Natan-Melek i føregarden. Solvognene òg brende han opp.
12 Også offerhaugane som vende mot Jerusalem, på sørsida av Øydeleggingsberget, gjorde kongen ureine. Det var Salomo, Israels konge, som hadde bygd dei for Astarte, den motbydelege gudinna til folket i Sidon, for Kemosj, den motbydelege guden til Moab, og for Milkom, den avskyelege guden til ammonittane.
14Josjia slo sund steinstøttene og hogg ned Asjera-pålane. Staden der dei hadde stått, fylte han med menneskeknoklar.
15 Josjia utrydda åndemanarane og spåmennene, terafane og avgudane og alle ufyselege gudebilete som var å sjå i Juda og Jerusalem. Slik ville han halda lovboda som stod skrivne i den bokrullen presten Hilkia hadde funne i Herrens hus.
25Det hadde aldri før vore nokon konge som Josjia. Ingen hadde på den måten vendt om til Herren av heile sitt hjarte og heile si sjel og av all si makt, heilt som Moselova krev. Og heller ikkje seinare stod det fram nokon konge som han.
26 Farao Neko tok han til fange i Ribla i Hamat-landet så han ikkje kunne styra i Jerusalem lenger. Og av landet kravde han ei bot på hundre talentar sølv og ein talent gull.
34Så sette farao Neko Eljakim, son til Josjia, til konge etter faren og endra namnet hans til Jojakim. Joahas tok han med seg til Egypt, og der døydde han.
35 15,20 Jojakim betalte sølvet og gullet til farao. Men han laut leggja ein skatt på landet for å betala den summen farao kravde. Han dreiv inn sølvet og gullet hos folket i landet etter som kvar var ilikna, og gav det til farao Neko.
362 Krøn 36,5ffJojakim var tjuefem år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Mor hans heitte Sebuda og var dotter til Pedaja frå Ruma.
37Jojakim gjorde det som vondt var i Herrens auge, i eitt og alt slik fedrane hans hadde gjort.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.