2. Samuelsbok 13 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Amnon og Tamar

1 Så gjekk Amnon til sengs og lest vera sjuk. Då kongen kom og såg til han, sa Amnon: «Lat Tamar, syster mi, koma og laga eit par hjartekaker medan eg ser på, så kan eg få dei av hennar eiga hand.»

7Då sende David bod heim til Tamar: «Gå til huset der Amnon, bror din, bur og lag mat til han!»

8Og Tamar gjekk heim til Amnon, bror sin, der han låg til sengs. Ho tok deig, knadde han og stelte til kakene medan han såg på, og ho steikte dei.

9Så tok ho panna og tømde dei ut framfor han. Men han ville ikkje eta. Amnon bad alle gå ut. Og då dei hadde gått,

10sa han til Tamar: «Kom hit inn i soverommet med maten, så eg kan ta imot han av di eiga hand.» Tamar tok kakene ho hadde laga, og bar dei inn i rommet til Amnon, bror sin.

11Men då ho rette dei til han så han kunne eta, tok han fatt i henne og sa: «Kom og ligg med meg, syster!»

12To år etter hadde Absalom saueklipping i Baal-Hasor, som ligg nær Efraim, og han bad alle kongssønene til seg.

24Han gjekk til kongen og sa: «No skal tenaren din klippa sauene. Vil ikkje du, konge, og tenarane dine gjera vel og vera med?»

25Men kongen svara: «Nei, son min. Vi vil ikkje koma alle. Vi kunne vera til bry for deg.» Absalom prøvde å overtala han. Kongen ville ikkje koma, men velsigna han.

26Då sa Absalom: «Om ikkje du vil, så lat då Amnon, bror min, få vera med.» Kongen spurde: «Kvifor skal han vera med?»

27Men Absalom overtala han til å la både Amnon og alle dei andre kongssønene vera med han.

28Og Absalom gav dei unge mennene sine denne ordren: «Pass på når Amnon har vorte lystig av vinen. Då skal eg seia til dykk: Hogg Amnon ned! Så drep de han. Ver ikkje redde! Det er eg som har gjeve dykk dette påbodet. Ver sterke og modige!»

29Mennene gjorde med Amnon som Absalom hadde sagt. Då sprang alle dei andre kongssønene opp, kasta seg på muldyra sine og rømde.

30Medan dei endå var på vegen, høyrde David rykte om at Absalom hadde hogge ned alle kongssønene, og at ikkje ein av dei var att.

31Då reiste kongen seg, reiv sund kleda sine og kasta seg mot jorda. Og alle tenarane stod der med sundrivne klede.

32Men Jonadab, son til Sjima og brorson til David, tok til orde og sa: «Du må ikkje tru at dei har drepe alle dei unge kongssønene, herre. Det er berre Amnon som er død. Dette har Absalom planlagt heilt frå den dagen Amnon krenkte Tamar, syster hans.

33Bry deg ikkje om det når dei no seier at alle kongssønene er døde. For det er berre Amnon som er død.»

34I mellomtida hadde Absalom rømt.

Då vaktmannen såg opp, fekk han auge på ei mengd med folk som kom farande på vegen bak han, langsmed fjellet.

35Då sa Jonadab til kongen: «Sjå, der kjem kongssønene! Det gjekk som tenaren din sa.»

36Ikkje før hadde han sagt det, så kom kongssønene. Dei gret høgt, og kongen og alle tenarane sette òg i og gret.

37 Absalom flykta og fór til Talmai, son til Ammihur, kongen i Gesjur. Og David sørgde over sonen sin dag og natt.

David tek Absalom til nåde

38Absalom rømde og fór til Gesjur. Der vart han verande i tre år.

39Etter kvart heldt kongen opp å bera agg til Absalom. For han var komen over at Amnon var død.

Blog
About Us
Message
Site Map