1 Når dei underviste i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Dei drog omkring i alle Juda-byane og underviste folket.
10 1 Mos 35,5; 2 Krøn 14,14; 20,29 Ei redsle for Herren var komen over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje gjekk til krig mot Josjafat.
11Nokre av filistrane kom til Josjafat med gåver og med sølv som avgift. Arabarane òg kom til han med småfe, sju tusen sju hundre vêrar og sju tusen sju hundre bukkar.
12Slik fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og forrådsbyar i Juda.
13Han hadde store arbeid i gang i Juda-byane og stridsmenn, djerve krigarar, i Jerusalem.
14Slik var dei mønstra, slekt for slekt: Førarane for tusen i Juda var: Adna, som var førar for 300 000 djerve krigarar;
15jamsides han Johanan, som var førar for 280 000;
16og jamsides han Amasja, son til Sikri, som frivillig hadde gått i Herrens teneste, og saman med han 200 000 djerve krigarar.
17Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, og saman med han 200 000 mann som var væpna med boge og skjold,
18og jamsides han Josabad med 180 000 våpenføre menn.
19Dette var dei som stod i teneste hos kongen, forutan dei som kongen hadde lagt i festningsbyane i heile Juda.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.