1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.
2Mitt hjarte strøymer over av gode ord,
eg diktar mine songar for kongen.
Tunga er lik pennen til ein dyktig skrivar.
3 Din kongsstol, Gud, står til evig tid,
din kongsstav er rettferds stav.
8 Du er sveipt i angen frå myrra, aloe og kassia.
Strengespel frå elfenbeinshallar gjev deg glede.
10 Høgs 6,8ff Kongsdøtrer er mellom dine utvalde,
ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull.
11Høyr, dotter, sjå hit og vend øyret til!
Gløym ditt folk og di slekt,
12for kongen attrår din venleik.
Han er din herre, bøy deg ned for han!
13 68,30.32; 72,10.15; Jes 23,8.18; 60,6ff Tyros' dotter og dei rike i folket
skal søkja din gunst med gåver.
14Fullkomen, herleg trer kongsdottera inn,
kjolen hennar er gjennomvoven med gull.
15I fargerik bunad blir ho leidd til kongen.
Unge jenter er bak henne,
veninnene hennar blir førte fram for deg.
16Dei blir leidde inn med fryd og glede,
dei går inn i kongens slott.
17Sønene dine skal koma i staden for fedrane,
set dei til hovdingar kringom i landet!
18 72,17 Frå slekt til slekt vil eg minnast ditt namn,
difor skal folka lova deg til evig tid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.