Mika 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Fredsfyrsten frå Betlehem

1 Du, Betlehem, Efrata,

minst mellom slektene i Juda!

Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.

Hans opphav er frå gammal tid,

frå eldgamle dagar.

2 Dei skal gjeta Assurs land med sverd,

ja, Nimrods land med dregne våpen.

Men når assyrarane kjem inn i landet vårt

og trakkar over grensene våre,

skal han berga oss.

6 2 Sam 17,12; Jes 4,3 Då skal Jakobs rest blant talrike folkeslag

vera som dogg frå Herren,

som regn på graset.

Dei ventar ikkje på nokon mann,

set ikkje si von til menneske.

7Då skal Jakobs rest blant folka,

midt iblant talrike folkeslag,

vera som ei løve blant dyra i skogen,

som ei ungløve i saueflokkar.

Ho fer fram og trakkar ned,

ho riv i hel, og ingen bergar.

8Lyft handa di mot dei som står deg imot,

så alle dine fiendar blir utrydda!

Byane skal utslettast

9Den dagen, seier Herren,

vil eg utrydda hestane du har,

og øydeleggja vognene dine.

10Eg vil utsletta byane i landet ditt

og riva ned alle festningane dine.

11 5 Mos 18,10f Eg vil utrydda trolldomskunstene du driv med,

og teikntydarar skal du ikkje lenger ha.

12 Jes 31,7; Sak 13,2 Eg vil utrydda gudebileta

og steinstøttene du har.

Du skal ikkje lenger tilbe

noko hendene dine har laga.

13Eg vil riva opp Asjera-pålane som er hos deg,

og leggja byane dine aude.

14Eg vil ta hemn i vreide og harme

over folkeslag som ikkje vil høyra.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help