Dommarane 6 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Midjanittane herjar i Israel

1 Om natta sa Herren til Gideon: «Ta ungoksen som far din eig, og den andre oksen, den som er sju år gammal! Riv ned Baal-altaret til far din og hogg ned Asjera-pålen som står attmed det.

26Så skal du på fastsett vis byggja eit altar for Herren din Gud på toppen av denne festninga. Ta den andre oksen og ber han fram som brennoffer; bruk veden av Asjera-pålen som du har hogge ned.»

27Gideon tok med seg ti av tenarane sine og gjorde som Herren hadde sagt. Men han var redd familien sin og folket i byen; difor gjorde han det ikkje om dagen, men om natta.

28Då folk i byen stod opp om morgonen, sjå, då var Baal-altaret nedrive, og Asjera-pålen som stod der, var hoggen ned. På det nybygde altaret var den andre oksen ofra.

29Då sa dei seg imellom: «Kven kan ha gjort dette?» Og då dei undersøkte og spurde seg føre, vart det sagt at det var Gideon, son til Joasj, som hadde gjort det.

30Mennene i byen sa då til Joasj: «Lat son din koma ut! Han skal døy! Han har rive ned Baal-altaret og hogge ned Asjera-pålen som stod attmed det.»

31Den dagen fekk Gideon namnet Jerubbaal, for dei sa: «Lat Baal strida mot han, sidan han har rive ned altaret hans!»

Gideon bed om eit teikn

33Alle midjanittane, amalekittane og folka frå aust samla seg. Dei sette over Jordan og slo leir på Jisreel-sletta.

343,10+Då kom Herrens ande over Gideon. Han bles i horn, og Abieser-slekta samla seg og følgde han.

35Så sende han bodberarar ut i heile Manasse, og dei samla seg og følgde han, dei òg. Han sende bodberarar til Asjer og Sebulon og Naftali, og dei kom og gav seg i lag med dei andre.

36Då sa Gideon til Gud: «Om du vil berga Israel ved mi hand, som du har sagt,

37så sjå hit: No legg eg denne nyklipte ulla på treskjevollen. Kjem det dogg berre på ulla medan heile marka er tørr, då veit eg at det er ved mi hand du vil berga Israel, slik som du har sagt.»

38Og så vart det. Då Gideon stod opp morgonen etter og vreid opp ulla, klemde han så mykje dogg ut av henne at det vart ei skål full med vatn.

391 Mos 18,30Då sa han til Gud: «Lat ikkje vreiden flamma opp mot meg om eg talar endå ein gong. Eg ville gjerne gjera prøva med ulla ein gong til. Lat no ulla åleine vera tørr, medan heile marka er dogga.»

40Og natta etter gjorde Gud det slik: Ulla heldt seg tørr, men heile marka var doggvåt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help