1 No vil eg byggja eit hus for namnet til Herren min Gud og helga det til han. Der skal vi brenna velluktande røykjelse for hans andlet, og det skal alltid liggja skodebrød framme. Brennoffer skal vi bera fram morgon og kveld på sabbatsdagane, nymånedagane og høgtidene for Herren vår Gud. I alle tider skal dette gjelda for Israel.
5Tømmerhoggarane, tenarane dine som feller trea, skal eg gje tjue tusen kor kveite, tjue tusen kor bygg, tjue tusen bat vin og tjue tusen bat olje.»
11 1 Kong 10,9 Hiram, kongen i Tyros, svara i eit brev som han sende til Salomo: «Fordi Herren elskar folket sitt, har han sett deg til konge over det.»
12Og Hiram heldt fram: «Velsigna er Herren, Israels Gud, han som skapte himmelen og jorda. Han har gjeve kong David ein vis son, som har slikt vit og slik forstand at han kan byggja eit hus for Herren og ein kongebustad til seg sjølv.
131 Kong 7,13ffNo sender eg deg ein klok og kunnig mann, Hiram, meisteren min.
142 Mos 31,1ffHan er son til ei kvinne blant Dans døtrer, men far hans er frå Tyros. Han er kunnig i arbeid med gull og sølv, bronse og jern, stein og tre, med purpurraudt og purpurblått, kvitt og karmosinraudt stoff. Han er òg kunnig i all slags gravering, og han kan tenkja ut og laga alt han blir sett til. Han skal arbeida saman med dei kunnige mennene dine og dei kunnige mennene som var hos herren min, David, far din.
15No kan herren min senda kveiten og bygget, oljen og vinen som han har tala om, til tenarane sine.
16Esra 3,7Så skal vi hogga så mange tre i Libanon som du treng, og føra dei i flåtar sjøvegen til Jaffa. Men du må sjølv få dei opp til Jerusalem.»
17 1 Krøn 22,2 Så lét Salomo telja alle innflyttarane i Israel, slik David, far hans, hadde halde folketeljing før han. Det var i alt 153 600 mann.
18Jos 9,27Av dei gjorde han 70 000 til berarar, 80 000 til steinhoggarar i fjellet og 3600 til formenn; dei skulle sjå etter at folk gjorde arbeidet sitt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.