1 Den dagen, seier Herren over hærskarane, slettar eg ut namna på avgudane frå landet, så dei aldri skal minnast meir. Jamvel profetane og den ureine ånda vil eg få bort frå landet.
3Den dagen skal kvar profet skjemmast over syna sine når han profeterer, og han skal ikkje kle seg i lòden kappe for å lyga.
5Am 7,14Han skal seia: «Eg er ikkje profet, eg er jorddyrkar, frå ungdomen av har eg dyrka jorda.»
6Spør nokon han: «Kva er det for sår du har på kroppen?» kjem han til å svara: «Eg vart skadd i huset til venene mine.»
Ein reinsa rest7 1 Kong 22,17; Sak 11,4ff; Matt 18,3ff; 26,31; Mark 14,27 Sverd, vakna mot gjetaren min,
mot mannen som står meg nær,
seier Herren over hærskarane.
Slå gjetaren så sauene spreiest!
Eg lyfter handa mot dei minste.
8Det skal skje i heile landet, seier Herren,
at to tredjedelar skal ryddast ut og døy,
men ein tredjedel skal bli att.
9 5 Mos 26,17f; Jes 1,25f; 48,10; Esek 22,22; Mal 3,2f Den tredjedelen fører eg gjennom eld,
eg reinsar han som ein reinsar sølv,
eg prøver han som ein prøver gull.
Dei skal kalla på mitt namn,
og eg skal svara dei.
Eg skal seia: «Dei er mitt folk»,
og dei skal svara: «Herren er vår Gud.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.