Salmane 106 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Dei slutta seg til Baal-Peor

og heldt offermåltid for døde.

29Dei gjorde han rasande med sine gjerningar,

og pest braut ut imellom dei.

30 Då stod Pinhas fram og felte dom,

og pesten stansa.

31Han vart rekna som rettferdig

frå slekt til slekt i alle tider.

32 2 Mos 17,1ff; 4 Mos 20,1ff; 5 Mos 32,48ff Dei gjorde han harm ved Meriba-kjelda,

og Moses måtte lida for deira skuld.

33Dei gjorde han beisk

så han tala utan å tenkja.

34 5 Mos 7,1ff; 12,2f; Dom 3,5ff Dei rydda ikkje ut folka

slik Herren hadde sagt,

35men blanda seg med andre folkeslag

og lærte å gjera som dei.

36 Dom 2,12f Dei dyrka gudebilete,

det vart ei snare for dei.

37 5 Mos 32,17; Jer 7,31 Dei ofra sine søner og døtrer

til dei vonde åndene.

38Dei auste ut uskuldig blod,

blodet av søner og døtrer

som dei ofra til gudebileta i Kanaan.

Og landet vart vanhelga av blodet.

39 5 Mos 31,16f; Dom 2,12ff Dei vart ureine gjennom sine handlingar,

med alt dei gjorde, dreiv dei hor.

40Då flamma Herrens vreide opp mot folket,

han hadde avsky for dei som høyrde han til.

41Han gav dei i hendene på andre folkeslag,

dei som hata dei, vart deira herrar.

42Dei vart undertrykte av fiendar

og måtte bøya seg under deira hand.

43Mange gonger fria han dei ut,

likevel trassa dei han med sine planar

og gjekk under i synd.

44Men han såg til dei i nauda

då han høyrde dei ropa.

45 5 Mos 30,3f; 32,36 Han kom i hug si pakt med dei

og viste medynk i sin store kjærleik.

46Så lét han dei møta miskunn

hos alle som heldt dei som fangar.

47Frels oss, Herre, vår Gud,

sank oss inn frå folka

så vi kan prisa ditt heilage namn

og uredde lovsyngja deg.

48 72,18f Velsigna er Herren, Israels Gud,

frå æve til æve!

Og heile folket skal seia: Amen!

Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help