4. Mosebok 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Korleis israelittane skal halda påske

1 Den dagen bustaden vart reist, dekte skya bustaden, altså vitnemålsteltet. Om kvelden låg ho over bustaden og såg ut som eld, heilt til om morgonen.

16Slik var det alltid. Skya dekte teltet, og om natta såg det ut som eld.

17Kvar gong skya lyfte seg frå teltet, braut israelittane opp, og på den staden der skya stansa, slo dei leir.

18På Herrens ord braut israelittane opp, og på Herrens ord slo dei leir. Så lenge skya låg over bustaden, heldt dei seg i leiren.

19Når skya låg over bustaden i fleire dagar, heldt israelittane Herrens påbod. Dei braut ikkje opp.

20Det hende at skya låg nokre få dagar over bustaden. På Herrens ord heldt dei seg i leiren, og på Herrens ord braut dei opp.

21Det hende at skya låg frå kveld til morgon. Når skya lyfte seg om morgonen, braut israelittane opp. Anten det var dag eller natt, braut dei opp når skya lyfte seg.

22Anten skya låg over bustaden eit par dagar eller ein månad eller endå lenger, heldt israelittane seg i leiren og braut ikkje opp. Men når skya lyfte seg, braut dei opp.

23På Herrens ord slo dei leir, og på Herrens ord braut dei opp. På Herrens ord gjennom Moses heldt dei Herrens påbod.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help