Salmane 53 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Til korleiaren. Etter «Mahalat». Ein læresalme. Av David.

2Dårane seier i hjartet: «Det finst ingen Gud.»

Vond og avskyeleg er deira urett,

det finst ingen som gjer det gode.

3Frå himmelen ser Gud ned til menneska

for å sjå om det finst nokon som er vis,

nokon som søkjer Gud.

4Alle har trekt seg unna,

alle som ein er forderva.

Det finst ingen som gjer det gode,

ikkje ein einaste.

5Skjønar dei då ingen ting,

dei som gjer urett?

Dei et opp folket mitt som om dei et brød,

og kallar ikkje på Gud.

6Då skal dei råkast av redsle,

dei som aldri var redde.

For Gud skal strø ut beina

av dei som slår leir mot deg.

Dei blir til skamme,

for Gud har vraka dei.

7Måtte frelse koma til Israel frå Sion!

Når Gud vender lagnaden for sitt folk,

skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help