1 Så tok han ut derifrå og kom til Judea og til landet bortanfor Jordan. Folket samla seg atter omkring han, og han underviste dei, slik han hadde for vane.
2Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve.
3«Kva bod fekk de av Moses?» sa Jesus.
4Læresveinane vart gripne av otte og undring då han sa det. Men Jesus tok til orde att og sa: «Kor vanskeleg det er, borna mine, å koma inn i Guds rike °for dei som set si lit til rikdom•.
25Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.»
26Då vart dei reint forstøkte og sa til kvarandre: «Kven kan då bli frelst?»
27For ikkje eingong Menneskesonen er komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»
Den blinde Bartimeus(Matt 20,29–34; Luk 18,35–43)46Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut av byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind tiggar attmed vegen. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus.
47Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i å ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»
48Mange tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»
49Då stogga Jesus og sa: «Rop på han!» Dei ropa på den blinde og sa til han: «Ver ved godt mot! Reis deg opp! Han kallar på deg.»
50Mannen kasta av seg kappa, sprang opp og kom bort til Jesus.
51«Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få att synet!»
52Matt 9,22; Mark 5,34; Luk 7,50; 8,48; 17,19Då sa Jesus til han: «Gå du! Trua di har frelst deg.» Med det same kunne han sjå, og han følgde Jesus på vegen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.