Ordtaka 30 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Femte samlinga(Kap. 30)Agurs visdomsord

1 Ord av Agur, son til Jake. Til lærdom.

Slik lyder mannens ord: Gud, eg er trøytt,

Gud, eg er trøytt, eg greier ikkje meir.

2Eg er dummare enn andre menn,

eg har ikkje forstand som eit menneske.

3 Eg har ikkje lært visdom

så eg kunne få del i kunnskapen til dei heilage.

4 Eit auge som spottar far sin

og nektar å lyda mor si,

det skal ramnane ved bekken hakka ut

og ørnungane eta opp.

18Tre ting er for underfulle for meg,

og fire skjønar eg ikkje:

19ørns veg over himmelen,

orms veg over berget,

skips veg over havet

og manns veg til ei ung kvinne.

20Slik gjer ei utru kvinne:

Ho et og tørkar seg om munnen

og seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»

21Tre ting får jorda til å skjelva,

og fire kan ho ikkje tola:

22 Fjellgrevlingen er ikkje noko mektig folk,

endå byggjer han seg bustad i berget.

27Grashoppene har ingen konge,

endå rykkjer dei fram i formasjon.

28Firfisla kan ein fanga med hendene,

endå bur ho i kongens slott.

29Tre går med stolte steg,

fire har ei vakker gonge:

30løva, kjempa mellom dyra,

som ikkje vik for nokon,

31hanen som briskar seg,

bukken først i flokken

og kongen i spissen for sin hær.

32 Job 39,37; Mi 7,16 Har du vore dum og gjort deg stor

eller tenkt på det,

så legg handa på munnen!

33For trykk på mjølka gjev smør,

trykk på nasen gjev blod,

trykk på vreiden gjev strid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help