Hebrearane 5 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Ingen tek seg sjølv den æra, men han blir kalla av Gud, slik som Aron.

5

eg har fødd deg i dag.

6 Og som han seier ein annan stad:

Du skal til evig tid vera prest

av same slag som Melkisedek.

7 Sal 31,23; Luk 22,42ff; Joh 12,27f Då Jesus levde som menneske, bar han fram bøner og naudrop, med høge skrik og tårer, til han som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han var gudfryktig.

8Fil 2,8Endå han var Son, lærte han lydnad ved å lida.

92,10Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han,

104,14+; 6,20han som av Gud vart kalla øvsteprest av same slag som Melkisedek.

Åtvaring mot fråfall

11Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så likesæle med å høyra.

121 Kor 3,1fEtter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng nokon som på nytt lærer dykk det første og grunnleggjande i Guds ord. De har vorte slike som treng mjølk, ikkje fast føde.

13Ef 4,14For den som lever av mjølk, er eit spedbarn og skjønar seg ikkje på bodskapen om rettferd.

14Men fast føde er for dei fullvaksne, dei som ved å bruka sansane har øvd dei opp til å skilja mellom godt og vondt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help