1 Hos deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann,
11Ein profet som meg vil Herren din Gud la stå fram hos deg, ein av landsmennene dine. Han skal de høyra på.
162 Mos 20,19; 5 Mos 5,23–31Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb den dagen de var samla der: «Lat meg aldri meir få høyra røysta til Herren min Gud eller få sjå denne veldige elden, for då må eg døy.»
17Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier.
18Eg vil la ein profet som deg stå fram, ein av deira eigne. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal forkynna for dei alt det eg byd han.
19Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap.
2013,5; Jer 14,15; 28Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet til andre gudar, då skal den profeten døy.
21Det kan henda at du seier i hjartet ditt: «Korleis veit vi at eit ord ikkje kjem frå Herren?»
22Jer 28,9Om profeten talar i Herrens namn, men det han forkynner, ikkje hender og ordet ikkje blir oppfylt, då er dette eit ord som ikkje kjem frå Herren. Profeten har tala det eigenrådig. Du skal ikkje vera redd han!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.