Jeremia 8 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1På den tid, seier Herren, skal dei ta knoklane av Juda-kongane, knoklane av leiarane, knoklane av prestane, knoklane av profetane og knoklane av innbyggjarane i Jerusalem ut or gravene

2No vil eg samla dei inn,

seier Herren.

Det finst ikkje druer på vinranka

og ikkje fiken på fikentreet,

lauvet er visna.

Det eg har gjeve dei,

er borte.

Fienden kjem

14 4,5; 9,15; 23,15 Kvifor blir vi sitjande?

Samla dykk!

Lat oss gå inn i festningsbyane

og gå til grunne der!

For Herren vår Gud lèt oss gå til grunne,

han gjev oss giftig vatn å drikka,

for vi har synda mot Herren.

15 14,19 Vi vona på fred,

men det finst ikkje noko godt,

på ei tid for lækjedom,

men sjå, det er redsle.

16 4,15ff; 5,17; 6,23 Frå Dan høyrest frøsande hestar.

Når hingstane vrinskar,

skjelv heile landet.

Dei kjem,

dei et opp landet

og alt som fyller det,

byen og dei som bur der.

17 4 Mos 21,6; 5 Mos 32,24; Sal 58,5f Sjå, eg sender slangar mot dykk,

giftige ormar som ingen kan mana bort.

Dei skal bita dykk,

seier Herren.

Profeten lid med folket sitt

18Ulækjeleg sorg kjem over meg,

hjartet mitt er sjukt.

19 7,18; Mi 4,9 Høyr skriket til folket, mi dotter,

frå eit land langt borte!

Er ikkje Herren på Sion?

Er ikkje kongen hennar der?

Kvifor har dei krenkt meg

med gudebileta sine,

med framande og tomme gudar?

20Innhaustinga er over,

sommaren er slutt,

men vi har ikkje vorte berga.

21Eg er nedbroten,

for folket, mi dotter,

har brote saman,

det svartnar for meg,

gru har gripe meg.

22 30,17; 46,11 Finst det ikkje balsam i Gilead?

Er det ingen lege der?

Kvifor blir ikkje folket, mi dotter, lækt?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help