1 Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt dra, så dei kan tena meg!
2Men nektar du å la dei dra, vil eg plaga heile landområdet ditt med frosk.
3Det skal kry med frosk i Nilen. Dei skal kravla opp på land og koma inn i huset ditt, inn i soverommet ditt og opp i senga di, inn i huset til tenarane dine og til folket ditt, i bakaromnar og bakstetrau.
4Froskane skal kravla opp på deg, på folket ditt og på alle tenarane dine.»
5 Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Lyft handa og rett ut staven din over elvane og kanalane og innsjøane. Lat froskane koma over Egypt!»
6Men den dagen vil eg skilja ut Gosen, der folket mitt held til. Der skal det ikkje vera insekt, for at du skal kjenna at eg, Herren, er midt i landet.
23Eg vil setja skilje mellom mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet skje.»
24Og Herren gjorde så. Det kom veldige insektsvermar inn i husa til farao og tenarane hans. I heile Egypt vart landet øydelagt av insekt.
25Då kalla farao Moses og Aron til seg og sa: «Gå og ber fram offer for dykkar Gud her i landet!»
261 Mos 43,32; 46,34Moses svara: «Det er ikkje rett å gjera det på den måten. For det vi ofrar til Herren vår Gud, er avskyeleg for egyptarane. Om vi rett for auga på dei ofra noko som dei tykkjer er avskyeleg, ville dei ikkje då steina oss?
273,18+Vi vil gå tre dagsreiser ut i ørkenen og ofra til Herren vår Gud, slik han seier til oss.»
28Då sa farao: «Eg lèt dykk gå så de kan ofra til Herren dykkar Gud i ørkenen. Men de må ikkje dra for langt bort. Gå i forbøn for meg!»
29Moses svara: «No går eg bort frå deg og går i forbøn hos Herren. I morgon skal insektsvermane vera borte frå farao og tenarane hans og folket hans. Men farao må ikkje narra oss ein gong til, men la folket dra, så dei kan ofra til Herren.»
30Så gjekk Moses bort frå farao, og han gjekk i forbøn hos Herren.
31Og Herren gjorde slik Moses hadde sagt. Insektsvermane vart borte frå farao og tenarane hans og folket hans, ikkje éin vart att.
32Men også denne gongen gjorde farao seg hard i hjartet, og han lét ikkje folket dra.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.