Ordtaka 31 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Sjette samlinga(31,1–9)Den gode kongen

1 Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han.

2Min son,

du son som eg bar,

min lovnads-son:

3 Ei dugande kone, kven finn vel henne?

Langt meir enn perler er ho verd.

Betב

11Mannen lit på henne i sitt hjarte,

og vinning manglar han ikkje.

Gimelג

12Ho gjer berre godt mot han,

ikkje noko vondt så lenge ho lever.

Daletד

13Ho skaffar seg ull og lin,

hendene arbeider med liv og lyst.

Heה

14Ho er som handelsskipa,

ho skaffar mat langt bortanfrå.

Wawו

15Før det lysnar av dag, er ho oppe,

gjev huslyden mat

og set tenestejentene i arbeid.

Zajinז

16Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det;

for det ho har tent, plantar ho ei vinmark.

Hetח

17Styrke er beltet ho har om livet,

ho tek i med sterke armar.

Tetט

18Ho merkar at forretningane går godt,

lampa hennar sloknar ikkje om natta.

Jodי

19Ho legg hendene på rokken,

og fingrane grip om teinen.

Kafכ

20 Mannen hennar er akta i byporten,

der han sit med dei eldste i landet.

Samekס

24Ho lagar linklede som ho sel,

og sender belte til kjøpmannen.

Ajinע

25Styrke og vørdnad er hennar klednad,

ho ler mot komande dagar.

Peפ

26 16,23f Ho opnar munnen med visdom,

kjærleg rettleiing har ho på tunga.

Tsadeצ

27 10,4; 11,16 Ho ser etter korleis det går i huset,

og et ikkje latskaps brød.

Qofק

28Borna stig fram og prisar henne lukkeleg,

mannen gjev henne ros:

Resjר

29«Mange kvinner har vist at dei er dugande,

men du overgår dei alle.»

Sjinש

30Ynde sviktar, og venleik forgår,

men ei kvinne som fryktar Herren, skal ha ros.

Tawת

31Pris henne for frukta av arbeidet hennar,

gjerningane skal gje henne ros i byens portar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help