1 Så seier Herren:
Himmelen er mi trone,
og jorda er min fotskammel.
Kva slag hus kan de byggja for meg,
kvar er staden der eg kan kvila?
2 Før ho får rier, har ho fødd,
før smertene kjem, har ho fått ein gut.
8Kven har høyrt noko som dette?
Kven har sett nokon som desse?
Kan eit land bli fødd på éin dag,
kan eit folkeslag koma til verda på ein augneblink?
Men Sion fødde sine born
med det same ho fekk rier.
9Skulle eg opna morslivet
utan å setja fødselen i gang? seier Herren.
Eller setja fødselen i gang
og så stansa han? seier din Gud.
10 Eg set eit teikn mellom dei og sender nokre av dei som er berga, ut til folkeslaga i Tarsis, Put, Lud, Mesjek med bogen, Tubal og Javan, til dei fjerne kystane som ikkje har høyrt rykte om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal fortelja om min herlegdom mellom folkeslaga.
20Og det skal skje:
frå nymånedag til nymånedag,
frå sabbat til sabbat,
skal alle menneske koma
og tilbe for mitt andlet,
seier Herren.
24 Mark 9,48 Dei skal gå ut og sjå
lika av dei menneska
som gjorde opprør mot meg.
For dei skal makken ikkje døy
og elden ikkje slokna.
Dei skal vera ei gru for alle menneske.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.