1 Berget, fullkome er hans verk,
for hans vegar er alltid dei rette.
Ein trufast Gud, utan svik,
rettferdig og rettvis er han.
5 gav han rømme frå buskapen,
mjølk frå småfe og feitt frå lam,
av Basan-vêrar og bukkar,
og nyrefeittet av kveiten.
Drueblod drakk du, skummande vin.
15 Jesjurun vart feit og spente bakut;
du vart feit, du vart tjukk og stinn.
Han vraka Gud, som hadde skapt han,
og vanvørde frelsesfjellet.
16Dei gjorde han sjalu med framande gudar,
gjorde han rasande med det avskyelege.
17 Dei gjorde meg sjalu med gudar som ikkje er gudar,
med avgudar gjorde dei meg rasande.
Så vil eg gjera dei sjalu med eit folk som ikkje er eit folk,
med eit uvitug folkeslag gjer eg dei rasande.
22For i min harme har eg tent ein eld,
han brenn til djupaste dødsriket.
Han øyder jorda og grøda hennar
og set grunnvollen under fjella i brann.
23 For vinstokken deira stammar frå Sodoma
og frå terrassane i Gomorra.
Druene deira er giftige,
drueklasane beiske.
33Slangegift er deira vin,
eitrande gift frå ormar.
34Men alt dette er gøymt hos meg,
forsegla i mitt forrådskammer
35 Pris hans folk, de folkeslag,
for han hemnar blodet til sine tenarar.
Han tek hemn over fiendane
og gjer soning for sitt land og folk.
44Moses kom og sa fram heile denne songen, han og Josva, son til Nun, medan folket høyrde på.
45Då Moses var ferdig med å seia fram alle desse orda for heile Israel,
4611,18–21; 26,16sa han: «Legg dykk no på hjartet alle dei orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og byd borna dykkar at dei skal halda kvart ord i denne lova og leva etter dei.
4730,20; Joh 6,63For dette er ikkje tomme ord for dykk, men sjølve livet. Ved desse orda skal de leva lenge i det landet de no skal ta når de går over Jordan.»
Moses skal døy på Nebo-fjellet48Same dagen sa Herren til Moses:
494 Mos 27,12–14«Stig opp på Abarim-fjellet, på fjellet Nebo som ligg i Moab, midt imot Jeriko, og sjå ut over Kanaan, det landet eg vil gje israelittane til eige.
504 Mos 20,23–26Og du skal døy på det fjellet som du går opp på, og sameinast med folket ditt, liksom bror din, Aron, døydde på fjellet Hor og vart sameina med folket sitt.
51Dette skjer fordi de var trulause mot meg blant israelittane ved Meriba-kjelda i Kadesj i Sin-ørkenen og ikkje helga meg blant dei.
5234,4Du skal få sjå landet framfor deg, men du skal ikkje koma inn i det, inn i landet eg vil gje israelittane.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.