Esekiel 32 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Likklage over farao

1 Det var i det tolvte året, på den første dagen i den tolvte månaden. Herrens ord kom til meg:

2Der ligg Elam

med heile flokken rundt si grav.

Alle vart drepne, dei fall for sverd.

Uomskorne fór dei

til landet der nede.

Dei spreidde redsle i landet til dei levande,

no må dei bera si vanære

hos dei som gjekk i grav.

25Mellom drepne fekk han sitt leie

med heile flokken rundt si grav.

Alle er uomskorne,

drepne med sverd.

For dei spreidde redsle i landet til dei levande,

no må dei bera si vanære

hos dei som gjekk i grav,

mellom drepne vart dei lagde.

26 Der er Mesjek og Tubal

med heile flokken rundt si grav.

Alle er uomskorne,

drepne med sverd.

Dei spreidde redsle i landet til dei levande.

27Dei ligg ikkje hos kjempene

som fall uomskorne

og fór ned til dødsriket med sine våpen,

dei som fekk sverda lagde under hovudet,

men skulda låg tungt over knoklane.

For det stod redsle av kjempene

i landet til dei levande.

28Du skal òg bli knust mellom uomskorne

og liggja hos dei som er drepne med sverd.

29Der er Edom

med sine kongar og alle sine hovdingar.

Trass i all si kraft vart dei lagde

hos dei som vart drepne med sverd,

dei ligg hos uomskorne,

hos dei som gjekk i grav.

30 Jer 25,26 Der er alle fyrstane frå nord

og alle dei frå Sidon.

Det stod redsle av dei,

men dei måtte fara ned til dei drepne.

Med all si kraft vart dei til skamme.

Uomskorne ligg dei

hos dei som vart drepne med sverd.

Dei må bera si vanære

hos dei som gjekk i grav.

31Farao skal sjå dei

og søkja trøyst for heile flokken sin.

Farao og heile hæren er drepne med sverd,

seier Herren Gud.

32Eg lét han spreia redsle i landet til dei levande,

men han skal leggjast til kvile mellom uomskorne,

hos dei som er drepne med sverd,

både farao og heile den ståkande flokken hans,

seier Herren Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help