1Sara vart 127 år gammal; så lenge levde ho.
2Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron i Kanaan, og Abraham kom for å sørgja og gråta over henne.
3Så reiste han seg, gjekk bort frå den døde og sa til hetittane:
4No sat Efron der mellom hetittane, og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten:
11«Nei, herre, høyr på meg! Eg gjev deg marka, og hòla som er der, gjev eg deg òg. For auga på folket mitt lèt eg deg få det. Gravlegg du den døde!»
12Då bøygde Abraham seg for folket i landet
13og sa til Efron så folket høyrde det: «Berre du ville høyra på meg! Ta imot pengane eg vil gje deg for marka! Så kan eg gravleggja den døde der.»
14Efron svara Abraham:
15«Herre, høyr på meg! Eit jordstykke som er verdt 400 sjekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg du den døde!»
1625,9f; 49,29f; 50,13; Apg 7,16Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt for hetittane, 400 sjekel, av det slaget dei bruker i handel.
17Det vart stadfest at Efrons mark, som ligg ved Makpela, aust for Mamre, både jordet og hòla og alle trea på jordet, så langt det rakk,
18skulle høyra Abraham til som hans eigedom. Dette hende for auga på alle hetittane som var komne til byporten.
1925,9fEtter dette gravla Abraham Sara, kona si, i hòla på Makpela-marka aust for Mamre, det er Hebron, i Kanaan.
20Såleis vart det stadfest at marka og hòla der skulle høyra Abraham til som gravstad, kjøpt frå hetittane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.