Hosea 1 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Herrens første ord gjennom Hosea. Herren sa til Hosea: «Gå og få deg ei horkvinne og horeborn! For landet horar seg bort frå Herren.»

3Og han gjekk og tok Gomer, Diblajims dotter, til kone. Ho vart med barn og fødde han ein son.

4Herren sa til han: «Kall han Jisreel! For om ikkje lenge vil eg straffa Jehus hus for blodbadet i Jisreel og gjera ende på kongedømet i Israel.

5Og den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisreel-sletta.»

6 Herren sa: «Kall han Lo Ammí, ‘ikkje mitt folk’! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje her for dykk.»

10 Israels born skal bli mange som havsens sand og ikkje kunna målast og ikkje teljast. Der det før vart sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «Den levande Guds born».

11Judas og Israels born skal samla seg og ta seg ein hovding i lag. Dei skal dra opp frå landet. Ja, stor er Jisreels dag.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help