1Fylt av Den heilage ande kom Jesus tilbake frå Jordan. Og Anden førte han omkring i førti dagar i øydemarka,
2der han vart freista av djevelen. I dei dagane åt han ingenting, og då dagane var til ende, tok svolten han.
3Då sa djevelen til han: «Er du Guds Son, så sei til denne steinen at han skal bli til brød.»
4Men Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød.»
5Då førte djevelen han høgt opp og synte han i ein augneblink alle rika i verda
6og sa: «Eg vil gje deg all denne makta og herlegdomen. For makta er lagd i mi hand, og eg gjev henne til kven eg vil.
7Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.»
8
han og ingen annan skal du tena.»
9Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå.
10
om å verna deg.
11Og:
Dei skal bera deg på hendene
så du ikkje støyter foten mot nokon stein.»
12 Han underviste i synagogane, og alle tala vel om han.
16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta,
17og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:
18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg
til å forkynna ein god bodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom
og at blinde skal få sjå,
for å setja undertrykte fri
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
20Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han.
21Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.»
22Og han heldt fram: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin.
25«Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»
35Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt blant dei og fór ut av han, men skadde han ikkje.
36Då kom det otte og undring over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.»
37Og ordet om han fór over alle bygdene der omkring.
38Frå synagogen gjekk Jesus heim til Simon. Svigermor til Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne.
39Han gjekk fram, bøygde seg over henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei.
40 Då sola gjekk ned, kom alle til han med sine sjuke, same kva sjukdom dei var plaga av. Og han la hendene på kvar og ein av dei og lækte dei.
41Og han heldt fram med å forkynna i synagogane i Judea.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.