1Då kom ordet frå Herren over hærskarane:
2 Dette er boda de skal halda:
Snakk sant med kvarandre!
Døm rett og sant i byportane,
fell dommar som skaper fred.
17 Så seier Herren over hærskarane: Fasta i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal bli til fryd og glede for Judas hus og til glade høgtidsdagar. Elsk sanning og fred!
20Så seier Herren over hærskarane: Endå ein gong skal folka koma, dei som bur i store byar.
21Jes 2,3; Mi 4,2Dei som bur i éin by, skal fara til ein annan og seia: «Kom, lat oss gå og be om velvilje for Herrens andlet, søkja Herren over hærskarane! Eg òg vil gå med.»
22Mange folk og mektige folkeslag skal koma og søkja Herren over hærskarane i Jerusalem og be om velvilje for Herrens andlet.
23Så seier Herren over hærskarane: I dei dagane skal ti mann av alle språk og folkeslag gripa tak i kappefliken til ein judeisk mann og seia: «Lat oss få gå med dykk, for vi har høyrt at Gud er med dykk.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.