1 Eg reiste dit på grunn av ei openberring. Og i eit særskilt møte med dei mest framståande la eg fram det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga. For eg ville ikkje springa, eller ha sprunge, til inga nytte.
3Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som blir rekna for å vera sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, gav dei meg og Barnabas handa til teikn på fellesskap. Vi skulle gå til heidningfolka, dei skulle gå til dei omskorne.
10Men vi måtte hugsa på dei fattige, og akkurat det har eg lagt vinn på å gjera.
Både jødar og heidningar blir rettferdige ved tru11 Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for oppførselen hans dømde han.
12Før det kom nokre frå Jakob, heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då dei kom, trekte han seg bort og heldt seg unna, for han var redd dei omskorne.
13På same måten hykla dei andre jødekristne, så til og med Barnabas vart dregen med i hykleriet deira.
141 Tim 5,20Men då eg såg at dei ikkje gjekk beint fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som ein jøde, men som ein heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?»
15Vi er av fødsel jødar og ikkje syndarar av heidningætt.
16Sal 143,2; Rom 3,20.28; 4,5; Gal 3,11Men då vi skjøna at ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Jesus Kristus, då sette vi òg vår lit til Kristus Jesus, så vi kunne seiast rettferdige ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar blir ikkje noko menneske rettferdig.
17Men om det skulle visa seg at vi òg er syndarar, vi som har som mål å bli rettferdige i Kristus, blir ikkje då Kristus ein tenar for synda? Langt ifrå!
18Dersom eg byggjer opp att det eg sjølv har rive ned, då blir eg ståande som ein lovbrytar.
19Rom 7,1ffVed lova døydde eg bort frå lova, så eg kan leva for Gud. Eg er krossfest med Kristus;
20Joh 15,13; Rom 6,3f; Gal 5,24; Fil 1,21; 1 Joh 3,16eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
21Eg forkastar ikkje Guds nåde. For dersom vi kan vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til inga nytte.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.