1 «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?»
4Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:
5 Og om de vil ta imot det: Han er den Elia som skulle koma.
15Menneskesonen kom; han et og drikk, og dei seier: ‘Sjå, for ein storetar og vindrikkar, ven med tollarar og syndarar!’ – Men Visdomen har fått rett, det stadfester gjerningane hennar.»
Verop over byar i Galilea(Luk 10,13–15)20Så tok Jesus til å refsa dei byane der han hadde gjort dei fleste av sine mektige gjerningar, fordi dei ikkje hadde vendt om:
21«Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos dykk, vore gjorde i Tyros og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledd seg i sekk og oske.
22Men det seier eg dykk: På dommedag skal Tyros og Sidon sleppa lettare enn de.
231 Mos 19,24ff; Jes 14,13ffOg du, Kapernaum – skal du opphøgjast like til himmelen? Nei, til dødsriket skal du støytast ned! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hos deg, vore gjorde i Sodoma, hadde byen stått til denne dag.
2410,15Men det seier eg dykk: På dommedag skal det gå Sodoma-landet likare enn deg.»
Sonen gjev kvile(Luk 10,21–22)25 1 Kor 1,26ff På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.
26Ja, Far, for dette var din gode vilje.
2728,18; Joh 1,18; 3,35; 10,15; 13,3; 17,2.6f.25f; Fil 2,9Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Jer 31,25 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!
29Jer 6,16Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel.
301 Joh 5,3For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.