2. Mosebok 38 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Brennofferaltaret og bronsefatet

1 Så laga han bronsefatet med understellet av bronse. Det var laga av speglane til kvinnene som gjorde teneste ved inngangen til teltheilagdomen.

Føregarden

9 Her er rekneskapen for bustaden – vitnemålsbustaden. Moses baud levittane setja bustaden opp, og Itamar, son til presten Aron, leidde arbeidet.

22Alt gullet som vart brukt til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, det gullet som var gjeve som svingeoffer, var 29 talentar og 730 sjekel etter vekta i heilagdomen.

25Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal i forsamlinga, var 100 talentar og 1775 sjekel etter vekta i heilagdomen,

26ein beka per hovud, det vil seia ein halv sjekel etter vekta i heilagdomen for alle som vart talde, frå tjueårsalderen og oppover, og det var 603 550 mann.

27Dei hundre talentane med sølv vart brukte til å støypa soklane til heilagdomen og soklane til forhenget, hundre talentar til hundre soklar, ein talent til kvar sokkel.

28Og dei 1775 sjekel brukte dei til hakane på søylene, til å kle søylehovuda og til å setja band på dei.

29Bronsen som vart gjeven som svingeoffer, var 70 talentar og 2400 sjekel.

30Av den laga dei soklane ved inngangen til teltheilagdomen, bronsealtaret med bronserista som høyrde til, og alt utstyret til altaret,

31soklane rundt føregarden og soklane til porten inn til føregarden, alle pluggane til bustaden og føregarden rundt han.

Blog
About Us
Message
Site Map