1 I mellomtida hadde folket samla seg i tusental, så dei heldt på å trø kvarandre ned. Då tok Jesus til å tala, og han vende seg først til læresveinane:
«Ta dykk i vare for surdeigen til farisearane, hykleriet deira!
2Eg skal visa dykk kven de skal frykta: De skal frykta han som kan slå i hel og sidan har makt til å kasta i helvete. Ja, seier eg dykk, han skal de frykta!
6Blir ikkje fem sporvar selde for eit par skilling? Og ikkje ein av dei er gløymd hos Gud.
7Sel det de eig, og gjev gåver til dei fattige. Få dykk pengepungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til og møll ikkje øydelegg.
34For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.
Ver førebudde når Menneskesonen kjem(Matt 24,43–51)35 Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!
36Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå bryllaupsfest og står ferdige til å opna så snart han kjem og bankar på.
37Ja, lukkelege er dei som han finn vakne, sjølv om han ikkje kjem før i andre eller tredje nattevakta!
39 1 Tess 5,2ff; 2 Pet 3,10; Op 3,3; 16,15 Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva time tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset.
4021,34ffSå ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»
41Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?»
421 Kor 4,2Herren svara:
«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid?
43Lukkeleg er den tenaren som herren finn i arbeid med dette når han kjem tilbake!
44Matt 25,21Sanneleg, eg seier dykk: Herren skal setja han over alt det han eig.
45Men set at tenaren seier med seg: ‘Det tek nok endå ei stund før herren min kjem’, og han så tek til å slå tenestegutane og tenestejentene og eta og drikka til han blir full.
46Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit om, og hogga han ned og la han få dela lagnad med dei vantruande.
47Jak 4,17Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det herren vil, han skal få mange slag.
48Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre. Den som mykje har fått, av han blir det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast dess meir.
Ikkje fred, men strid(Matt 10,34–36)49Eg er komen for å kasta eld på jorda. Kor gjerne eg ville at brannen alt var tend!
50Mark 10,38; 14,36; Joh 18,11Ein dåp må eg døypast med. Kor det tyngjer meg til han er fullført!
51Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg, ikkje fred, men strid.
52Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: tre mot to og to mot tre,
53Mi 7,6far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, svigermor mot svigerdotter og svigerdotter mot svigermor.»
Å tyda tida(Matt 16,2–3; 5,25–26)54Til folket sa han:
«Når de ser at det skyar til i vest, seier de straks: ‘No kjem det regn’, og det går slik.
55Og når de merkar at det blæs frå sør, seier de: ‘No blir det varmt’, og det går slik.
56Hyklarar! Det de ser på jorda og himmelen, veit de å tyda. Kvifor kan de ikkje då tyda denne tida?
57Og kvifor dømmer de ikkje ut frå dykk sjølve om kva som er rett?
58Når du går til domstolen med motparten din, skal du gjera det du kan for å bli samd med han medan de enno er på vegen. Elles dreg han deg for dommaren, og dommaren sender deg til innkrevjaren, og innkrevjaren kastar deg i fengsel.
59Eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.