1Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:
2«Kvifor bryt læresveinane dine overleveringa frå dei gamle? Dei skyl ikkje hendene før dei et.»
3«Og de», svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dykkar eiga overlevering?
4Men de lærer: ‘Den som seier til far sin eller mor si: Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ei gåve til tempelet,
6han treng ikkje heidra far sin °eller mor si•.’ Slik har de sett Guds bod til sides av omsyn til dykkar eiga overlevering.
7De hyklarar! Jesaja profeterte rett om dykk då han sa:
8
men hjartet er langt borte frå meg.
9 Dei dyrkar meg fåfengt,
for det dei lærer, er menneskebod.»
10Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå!
11Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»
12Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?»
13Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har planta, skal rivast opp med rot.
14Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon.
22Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.»
23Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.»
24Jesus kalla læresveinane til seg og sa: «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta. Eg vil ikkje la dei fara svoltne heim, for då kunne dei bli heilt utmatta på vegen.»
33Læresveinane svara: «Kvar kan vi få tak i brød her i øydemarka til å metta så mykje folk?»
34«Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei, «og nokre småfiskar.»
35Då bad han folket setja seg på marka.
36Så tok han dei sju brøda og fiskane, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane, og læresveinane gav til folket.
37Alle åt og vart mette. Etterpå samla dei opp dei brødbitane som var til overs, sju store korger.
38Dei som hadde ete, var fire tusen mann, forutan kvinner og born.
39Sidan lét Jesus folket fara heim, og han steig i båten og sette over til området ved Magadan.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.