Salmane 18 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Han skaut sine piler og spreidde dei,

han skremde dei med lyn.

16Rennene på havbotnen kom til syne,

grunnvollane under jorda viste seg

då du truga, Herre,

då du fnyste av vreide.

17 Han lærer opp hendene mine til krig,

armane spenner bogen av bronse.

36 63,9+ Du gjev meg di frelse til skjold,

med di høgre hand stør du meg.

Du bøyer deg ned og gjer meg stor.

37 31,9 Du opnar veg for mine steg,

anklane mine vaklar ikkje.

38Eg jagar mine fiendar og tek dei att,

eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.

39Eg knuser dei så dei ikkje kan reisa seg,

men ligg falne under mine føter.

40Du kler meg med styrke til krigen

og tvingar mine motstandarar i kne.

41Du slår mine fiendar på flukt,

eg utryddar dei som hatar meg.

42 Ordt 1,28; Jes 59,2; Jer 11,11; Am 8,11f Dei ropar, men det er ingen frelsar,

dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje.

43Eg knuser dei til støv for vinden,

eg trakkar dei ned som søle i gata.

44Du bergar meg frå folk i strid.

Du set meg til hovding over folkeslag.

Folk eg ikkje kjende, må tena meg.

45Dei lyder berre dei høyrer om meg.

Framande kryp for meg.

46 Mi 7,17 Dei framande visnar,

skjelvande kjem dei ut or sine borger.

47 Herren lever!

Velsigna er mitt berg!

Opphøgd er Gud, min frelsar,

48 47,4 Gud lèt meg få hemn,

han legg folkeslag under meg.

49Han friar meg frå mine fiendar.

Du lyfter meg over dei som står imot meg,

og bergar meg frå valdsmenn.

50 57,10; Rom 15,9 Difor vil eg prisa deg mellom folka, Herre,

og lovsyngja ditt namn.

51 2 Sam 7,12ff; Sal 20,7; 21,5; 28,8; 61,7f; 89,4f Han gjev sin konge store sigrar,

han viser miskunn mot den han har salva,

mot David og hans ætt til evig tid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help