1Det kan henda at det står fram ein profet eller drøymar hos deg og lovar deg eit teikn eller under.
2Så hender teiknet eller underet, slik han har sagt, men samstundes seier han: «Kom, lat oss følgja andre gudar» – som du ikkje kjenner – «og dyrka dei».
3Då skal du ikkje høyra på det som ein slik profet eller drøymar seier. For Herren dykkar Gud vil berre prøva dykk og sjå om de elskar Herren dykkar Gud av heile dykkar hjarte og av heile dykkar sjel.
4Herren dykkar Gud skal de følgja, og han skal de frykta. Hans bod skal de halda, og hans røyst skal de lyda. Han skal de dyrka, og han skal de halda fast ved.
5skal du hogga ned folket i denne byen med sverd. Både byen og alt som er i han, skal du slå med bann og øydeleggja. Også buskapen skal du hogga ned med sverd.
16Jos 8,28Alt hærfanget som er teke, skal du samla midt på torget. Og du skal brenna byen og hærfanget som eit heiloffer til Herren din Gud. Sidan skal byen liggja som ein ruinhaug og aldri byggjast opp att.
177,25f; Jos 7; 1 Sam 14,31–35Ikkje noko av det som er bannlyst, skal handa di festa seg ved. Då vil Herren venda seg bort frå sin brennande harme og gje deg miskunn. Han vil visa deg miskunn og gjera deg talrik, slik som han med eid lova fedrane dine.
18Du skal høyra på røysta til Herren din Gud og halda alle boda hans som eg gjev deg i dag, og gjera det som rett er i Herren din Guds auge.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.