1Dette ordet kom til Jeremia frå Herren:
2 Gå til staden min som er i Sjilo, der eg lét namnet mitt bu i den første tida, og sjå kva eg gjorde med han på grunn av vondskapen hos folket mitt, Israel.
13Og eg vil kasta dykk bort frå mitt andlet slik eg kasta frå meg alle brørne dykkar, heile Efraims ætt.
Falsk og ekte gudsdyrking16 Borna sankar ved, fedrane gjer opp eld, kvinnene knar deig for å baka offerkaker til Himmeldronninga, og dei auser ut drikkoffer til andre gudar. Slik krenkjer dei meg.
19Men er det meg dei krenkjer, seier Herren, er det ikkje seg sjølv, er det ikkje deira eige andlet som får skamma over seg?
20Difor seier Herren Gud: Sjå, min vreide og harme skal ausast ut over denne staden, over folk og fe, over trea på marka og frukta av jorda. Han skal brenna og ikkje slokna.
21 Klipp håret av deg og kast det bort! Stem i ei likklage på dei snaue høgdene! Herren har forkasta og vraka den slekta han er harm på.
30Dei har bygd Tofet-haugane i Ben-Hinnom-dalen, der dei brenner sønene og døtrene sine i elden. Det har eg ikkje pålagt dei, det har aldri vore i mine tankar.
32Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då det ikkje lenger skal heita Tofet eller Ben-Hinnom-dalen, men Drapsdalen. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader.
33Jes 34,3; Op 19,21Lika av dette folket skal bli til føde for fuglane under himmelen og for dyra på jorda, og ingen skal skremma dei bort.
34Jes 24,8; Jer 16,9; 25,10; 33,11; Op 18,23Eg gjer ende på lyden av jubel og glede og røysta til brudgom og brur i Judas byar og på Jerusalems gater. For landet skal leggjast i ruinar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.