4. Mosebok 23 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1Då sa Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og gjer klar sju oksar og sju vêrar til meg!»

2Balak gjorde som Bileam sa, og dei ofra ein okse og ein vêr på kvart altar.

3Så sa Bileam til Balak: «Still deg her attmed brennoffera dine medan eg går av stad. Kanskje Herren kjem til møtes med meg. Og det han lèt meg sjå, skal eg kunngjera deg.» Så gjekk han opp på ei snau høgd.

Bileams tale

4Gud kom til møtes med Bileam, og Bileam sa til han: «No har eg stelt til dei sju altara, og på kvart altar har eg ofra ein okse og ein vêr.»

5Då la Herren ord i munnen på Bileam og sa: «Gå tilbake til Balak og sei det eg har sagt deg.»

6Bileam gjekk tilbake og fekk sjå Balak stå bortmed brennoffera sine saman med alle Moabs hovdingar.

7Då bar han fram sin visdomstale:

Frå Aram vart eg henta av Balak,

frå fjella i aust av Moabs konge:

«Kom! Lys forbanning over Jakob for meg!

Kom! Kall vreide ned over Israel!»

8Kan eg forbanna den

som Gud ikkje har forbanna?

Kan eg kalla vreide ned

når Herren ikkje er vreid?

9Eg ser han frå toppen av berga,

frå høgdene skodar eg han:

Her er eit folk som bur for seg sjølv,

det blir ikkje rekna blant andre folkeslag.

10 Gud, som førte dei ut av Egypt,

har styrke som ein villokse.

23 5 Mos 18,14ff For det er ingen som tek varsel i Jakob,

det finst ikkje spådom i Israel.

I rette tid blir det sagt til Jakob og Israel

kva Gud har gjort.

24 1 Mos 49,9 Sjå, folket reiser seg som ei løvinne,

som ei løve fer det opp!

Det legg seg ikkje til ro

før det har metta seg med rov

og drukke blodet av dei det drap.

25Då sa Balak til Bileam: «Du vil ikkje forbanna dei. Då skal du heller ikkje velsigna dei!»

2622,38Men Bileam svara: «Har eg ikkje sagt deg at eg må gjera alt det som Herren seier?»

27Då sa Balak til Bileam: «Kom, så skal eg ta deg med til ein annan stad. Kanskje Gud synest det er rett at du forbannar folket for meg derifrå.»

28Så tok Balak med seg Bileam opp på toppen av Peor-fjellet, der ein kan sjå ut over heile øydemarka.

29Bileam sa til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og gjer klar sju oksar og sju vêrar til meg!»

30Balak gjorde som Bileam sa, og ofra ein okse og ein vêr på kvart altar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help