1 Lat dykk ikkje så lett driva ut i forvirring, og lat dykk ikkje skremma, verken av åndsbodskapar, av påstandar eller av brev som dei seier er frå oss, om at Herrens dag er komen.
3Lat ingen føra dykk vill på nokon måte! For først må fråfallet koma og den lovlause syna seg, han som er fortapingssonen.
4Då skal den lovlause syna seg, han som Herren Jesus skal drepa med pusten frå sin munn og gjera til inkjes den dagen han kjem i herlegdom.
9Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, de som er elska av Herren. For som førstegrøde valde Gud dykk ut til å bli frelste, de som vart helga av Anden og trudde sanninga.
14Dette kalla han dykk til ved det evangeliet vi forkynner, så de skal vinna vår Herre Jesu Kristi herlegdom.
15Stå då støtt, sysken, og hald fast på dei overleveringane de har vorte underviste i av oss, anten munnleg eller i brev.
16Vår Herre Jesus Kristus sjølv og Gud, vår Far, som har elska oss og i sin nåde gjeve oss ei evig trøyst og eit rikt håp,
17måtte han gje dykkar hjarte mot og styrkje dykk til alt godt, i ord og gjerning!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.