Ordtaka 22 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1

gjev rikdom, ære og liv.

5På vegen dei svikefulle går, er tornar og snarer,

den som vil ta vare på livet, held seg borte frå dei.

6 Den som undertrykkjer fattige for sjølv å bli rik,

og den som gjev gåver til rike,

lid berre tap.

Tredje samlinga(22,17–24,34)Ord frå dei vise

17 Legg øyret til og høyr orda frå dei vise,

legg deg på hjartet den kunnskapen eg gjev.

18Det er godt å ta vare på dei i sitt indre

og alltid ha dei på leppene.

19For deg kunngjer eg dei i dag,

så du kan setja di lit til Herren.

20Ja, eg har skrive opp tretti ordtak for deg

med kloke råd

21for å læra deg sanne og pålitelege ord,

så du kan gje pålitelege svar til dei som har sendt deg.

22 2 Mos 23,6 Ran ikkje den fattige fordi han er fattig,

knus ikkje den hjelpelause i retten!

23 23,11 For Herren vil føra saka for dei

og røva livet frå røvarane.

24Ver ikkje ven med den hissige,

slå ikkje lag med den bråsinte,

25så du ikkje lærer deg hans vegar

og set ei snare for ditt liv.

26 6,1+ Ver ikkje blant dei som gjev sitt handslag

og stiller kausjon for gjeld.

27Om du ikkje har noko å betala med,

tek dei endåtil senga du ligg på.

28 5 Mos 19,14; Job 24,2; Ordt 23,10 Flytt ikkje gamle grensesteinar

som fedrane dine har reist.

29Ser du ein mann som er dugande i sitt arbeid?

Han kan ta teneste hos kongar

og skal ikkje tena hos småkårsfolk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help