1. Krønikebok 9 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 Dei står framleis ved Kongeporten mot aust. Det er dei som held vakt i leirane til levittane.

19Sjallum, son til Kore, son til Ebjasaf, son til Korah, og slektningane hans, Korah-sønene, som høyrde til same familien som han, hadde som si teneste å vera dørvaktarar ved teltet; fedrane deira hadde vakta inngangen til Herrens leir.

20Fordi dei var trufaste, hadde desse fire, som var levittar, vorte innsette som leiarar for portvaktene. Tempelromma og skattkammera i Guds hus vakta dei òg.

27Om natta heldt dei seg kring Guds hus; for det var deira plikt å halda vakt og opna portane kvar morgon.

28Nokre av dei hadde tilsyn med dei gjenstandane som vart nytta i gudstenesta. Dei skulle telja dei både når dei bar dei inn, og når dei bar dei ut.

29Andre var sette til å ta vare på det vanlege utstyret og det heilage utstyret, det fine mjølet, vinen, oljen, røykjelsen og balsamen.

302 Mos 30,25Nokre av prestane laga blandinga til den velluktande balsamen.

31Mattitja, ein av levittane, den førstefødde sonen til Sjallum av Korah-slekta, var tiltrudd tilsynet med brødbakinga.

323 Mos 24,5–9Og nokre av slektningane deira frå Kehat-slekta hadde ansvaret for tilsynet med skodebrøda, som dei skulle leggja fram kvar sabbat.

339,14–16Så var det tempelsongarane, leiarar for levittfamiliane. Dei heldt til i tempelromma og var fritekne for alle andre tenester, for dei laut gjera teneste dag og natt.

349,14–32Dette var leiarane for levittfamiliane, hovdingar etter slektshistoria si. Dei budde i Jerusalem.

Slekta til Saul

35 8,29–33; 10,2 I Gibeon budde Je'uel, far til Gibeon. Kona hans heitte Maaka.

36Den førstefødde sonen hans var Abdon. Så kom Sur, Kisj, Baal, Ner, Nadab,

37Gedor, Ahjo, Sakarja og Miklot.

38Miklot fekk sonen Sjima. Dei òg budde i Jerusalem som brørne sine, saman med dei.

39Ner fekk sonen Kisj, og Kisj fekk Saul. Saul fekk sønene Jonatan, Malkisjua, Abinadab og Esjbaal.

40Son til Jonatan var Meribbaal, og Meribbaal fekk sonen Mika.

41Sønene til Mika var Piton, Melek, Tarea og Ahas.

42Ahas fekk sonen Jara, og Jara fekk sønene Alemet, Asmavet og Simri. Simri fekk sonen Mosa,

43og Mosa fekk Bina. Hans son var Refaja, hans son Elasa og hans son Asel.

44Asel hadde seks søner, og dette er namna deira: Asrikam, Bokeru, Ismael, Sjearja, Obadja og Hanan. Alle desse var sønene til Asel.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help