1Kong Salomo styrte no over heile Israel.
2Dette var dei øvste embetsmennene hans: Asarja, son til Sadok, var prest;
3Elihoref og Ahia, sønene til Sjisja, var riksskrivarar; Josjafat, son til Ahilud, var protokollførar;
4Ben-Deker, i Makas, Sjaalvim, Bet-Sjemesj, Elon og Bet-Hanan;
10Ben-Hesed, i Arubbot – han hadde Soko og heile Hefer-landet;
11Ben-Abinadab hadde heile Dor-høglandet – han var gift med Tafat, dotter til Salomo;
12Baana, son til Ahilud, hadde Taanak, Megiddo og heile Bet-Sjean, som ligg ved Saretan, nedanfor Jisreel, frå Bet-Sjean til Abel-Mehola og bortom Jokmeam;
13Ben-Geber i Ramot i Gilead – han hadde teltbyane til Ja'ir, son til Manasse, i Gilead, og Argob-bygda i Basan, seksti store byar med murar og bronsebommar;
14Ahinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim;
15Ahimaas hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat;
16Baana, son til Husjai, i Asjer og Alot;
17Josjafat, son til Paruah, i Jissakar;
18Sjimi, son til Ela, i Benjamin;
19Til matlaging hos Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor fint mjøl og seksti kor grovt mjøl,
23ti gjødde oksar, tjue drifteoksar og hundre sauer og i tillegg hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser.
24For han herska over alt land vestafor Eufrat, frå Tifsah til Gaza, over alle kongane vestafor Eufrat, og hadde fred på alle kantar rundt ikring.
253 Mos 26,5; Mi 4,4; Sak 3,10I Juda og Israel, frå Dan til Beer-Sjeba, sat kvar mann trygt under sin vinstokk og sitt fikentre så lenge Salomo levde.
262 Krøn 9,25Salomo hadde førti tusen stallplassar til vognhestane sine og tolv tusen ryttarar.
27Dei tolv futane sytte kvar sin månad for matforsyningar til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord. Dei lét det ikkje skorta på noko.
28Dei skulle òg etter tur gje bygg og halm til hestane og trekkdyra der dei heldt seg.
29Gud gav Salomo visdom og svært stor innsikt og ein forstand vidare enn sanden på havsens strand.
30Visdomen til Salomo var større enn visdomen til alle i aust og alle egyptarane.
311 Krøn 2,6Han var visare enn noko anna menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle heidningfolka rundt ikring.
32Ordt 1,1Salomo smidde tre tusen ordtak, og songane hans var eitt tusen og fem i talet.
33Han dikta om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut av muren, og han dikta om fe og fuglar, krypdyr og fiskar.
3410,1ff; Matt 12,42Og dei kom frå alle folk for å høyra visdomen til Salomo, frå alle kongar på jorda som hadde høyrt om visdomen hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.