Salmane 114 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

1 81,6 Då Israel drog ut frå Egypt,

Jakobs hus frå eit framandt folk,

2 2 Mos 19,5f då vart Juda hans heilagdom

og Israel hans rike.

3 2 Mos 14,21 Havet såg det og rømde,

Jordan snudde og rann tilbake.

4Fjella hoppa som vêrar

og haugane som lam.

5Kva har hendt deg, hav, sidan du rømmer,

sidan du snur og renn tilbake, Jordan,

6sidan de hoppar som vêrar, de fjell,

og som lam, de haugar?

7Jord, skjelv for Herrens andlet!

Skjelv for Jakobs Gud,

8 2 Mos 17,6; Sal 78,15 han som gjer berget til ein innsjø

og harde fjellet til ei vassrik kjelde.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help