Amos 8 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Enden er komen for Israel

1Dette viste Herren Gud meg:

Sjå, ei korg med mogen frukt.

2 Han sa: «Kva ser du, Amos?»

Eg svara: «Ei korg med mogen frukt.»

Då sa Herren til meg:

«Enden er komen for mitt folk Israel,

eg vil ikkje lenger bera over med det.

3 De seier: «Når er nymånefesten over,

så vi kan selja korn,

og sabbaten til ende,

så vi kan opna kornsalet?

Då gjer vi målet for lite

og prisen for høg

og fuskar med falske vekter.

6 Herren har svore ved Jakobs byrgskap:

Aldri skal eg gløyma

noko av det dei har gjort!

8 Festane gjer eg til sørgjehøgtider

og alle songane til likklage,

eg legg sekkestrie om alle hofter

og lèt kvart hovud rakast snautt,

som i sorg over einaste sonen.

Enden blir ein bitter dag.

Svolt etter Herrens ord

11 Dei som sver ved Samarias synd

og seier: «Så sant din gud lever, Dan»

og: «Så sant din veg lever, Beer-Sjeba»,

dei skal falla og aldri reisa seg meir.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help