1 Då skal sjåarane bli til skamme
og spåmennene til spott.
Alle skal dei løyna skjegget,
for det kjem ikkje svar frå Gud.
8 Jes 11,2; 58,1 Eg, derimot,
er full av styrke ved Herrens ande,
av rett og kraft,
så eg kan tala til Jakob om hans brot,
til Israel om hans synd.
Jerusalem skal falla9 Am 5,7 Høyr dette, de hovdingar i Jakobs hus,
de leiarar i Israels hus,
de som avskyr rettferd
og krøkjer det som er rett,
10som byggjer Sion med blod
og Jerusalem med urett!
11 Esek 22,26f; Sef 3,3f Hovdingane hennar dømmer for betaling,
prestane tek løn for å undervisa,
profetane spår for pengar,
og likevel støttar dei seg til Herren og seier:
«Er ikkje Herren midt iblant oss?
Det hender ikkje oss noko vondt.»
12 Jer 26,11 Difor:
Sion skal pløyast til åker,
Jerusalem skal bli til ruin
og tempelberget til haugar dekte av skog.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.