1Krigen mellom Sauls hus og Davids hus vart dryg. David vart sterkare og sterkare, medan Saul vart veikare og veikare.
David får søner i Hebron2 Mannen følgde med. Han gjekk gråtande bakom henne heilt til dei kom til Bahurim. Der sa Abner til han: «Gå heim att!» Då snudde Paltiel.
17Abner tala med dei eldste i Israel og sa: «Fleire gonger har de prøvd å få David til konge.
18Gjer no alvor av det! For Herren har sagt om David: Gjennom David, tenaren min, vil eg berga mitt folk Israel frå filistrane og alle dei andre fiendane deira.»
19Abner tala òg med benjaminittane. Så drog han til Hebron og ville fortelja David alt det som israelittane og alle benjaminittane hadde vedteke.
20Då Abner kom til David i Hebron med eit følgje på tjue mann, heldt David ein fest for han og mennene som var med han.
21Abner sa til David: «No vil eg ta i veg og samla heile Israel for deg, herre konge. Så vil dei gjera ei pakt med deg, og du kan vera konge over heile det riket du ønskjer deg.» David lét Abner fara, og han drog bort i fred.
Drapet på Abner22På same tid kom Davids menn og Joab heim frå eit plyndringstokt, og dei hadde eit stort hærfang med seg. Abner var ikkje lenger hos David i Hebron, for David hadde late han fara, og han hadde drege bort i fred.
23Då Joab var vel heime med heile hæren, kom det nokre og sa til han: «Abner, son til Ner, kom til kongen, og han lét han fara bort i fred.»
24Då gjekk Joab inn til kongen og sa: «Kva har du gjort? Når Abner kjem til deg, lèt du han då fara sin veg?
25Du kjenner då Abner, son til Ner? Han kom hit berre for å lura deg og for å få greie på kvar du ferdast, og kva du gjer.»
26Då Joab kom ut att frå David, sende han bodberarar etter Abner og fekk han til å snu ved Sira-brønnen. Men det visste ikkje David.
27Gjev hans blod må strøyma over Joabs hovud og over heile huset til far hans. Gjev det i Joabs slekt alltid må vera folk som lid av utflod eller hudsjukdom, menn som sit og spinn, som fell for sverd eller manglar mat.»
30Joab og Abisjai, bror hans, drap Abner fordi han hadde slege i hel Asael, bror deira, i slaget ved Gibeon.
31 Så sa David til Joab og alle som var hos han: «Riv sund kleda, ta på dykk sekkestrie og hald sørgjehøgtid over Abner!» Kong David gjekk sjølv bak båra.
32Dei gravla Abner i Hebron. Kongen gret høgt ved grava hans, og heile folket gret med.
33Kongen stemde i ei likklage over Abner:
Laut Abner døy slik ein dåre døyr?
34Dine hender var ikkje bundne,
dine føter ikkje lagde i lenkjer.
Du fall som ein fell for ugjerningsmenn.
Då gret folket endå ein gong.
35Sidan kom dei alle og ville få David til å eta medan det endå var dag. Men han svor: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om eg smakar brød eller noko anna før sola er gått ned!»
36Alle merka seg dette, og dei syntest godt om det. Alt det kongen gjorde, syntest folket godt om.
37Den dagen skjøna alle, ja, heile Israel, at det ikkje var kongen som stod bak drapet på Abner, son til Ner.
38Kongen sa til mennene sine: «De skjønar vel at i dag er det falle ein hovding og stormann i Israel.
39Enno er eg for veik, sjølv om eg er salva til konge. Og desse mennene, Seruja-sønene, er for sterke for meg. Gjev Herren må løna ugjerningsmannen for det vonde han har gjort!»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.