3. Mosebok 17 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Heilagdomslova(Kap. 17–26)Den rette offerstaden

1 Herren sa til Moses:

2Tal til Aron og sønene hans og til alle israelittane og sei til dei: Dette er det som Herren har bode:

3Det kan henda at ein eller annan frå Israels hus slaktar ein okse, ein sau eller ei geit, i leiren eller utanfor leiren,

4men ikkje kjem til inngangen til teltheilagdomen med dyret for å bera fram eit offer til Herren framfor Herrens bustad. Då skal det reknast som blodskuld for den mannen. Han har aust ut blod. Mannen skal støytast ut frå folket sitt.

5Difor skal israelittane koma til Herren med dei slaktoffera som dei før har ofra ute på marka, ta dei med til inngangen til teltheilagdomen, til presten, og ofra dei som fredsoffer til Herren.

6Presten skal stenka blodet på Herrens altar, det som står attmed inngangen til teltheilagdomen, og brenna feittet til godange for Herren.

7Dei skal ikkje lenger ofra slaktoffera sine til bukkane som dei har drive hor med. Dette skal vera ei evig forskrift for dei gjennom alle slekter.

8Og du skal seia til dei: Det kan henda at ein eller annan, frå Israels hus eller mellom innflyttarane som bur hos dei, ofrar eit brennoffer eller slaktoffer,

95 Mos 12,5f.13fmen ikkje kjem til inngangen til teltheilagdomen med det for å ofra det til Herren. Den mannen skal støytast ut frå folket sitt.

Forbod mot å eta blod

10 3,17 Kvar den frå Israels hus eller av innflyttarane som bur hos dei, som et blod, skal eg venda meg mot og støyta ut frå folket hans.

111 Mos 9,4; 5 Mos 12,23; Hebr 9,22For ein skapnings liv er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for livet dykkar. Blodet sonar fordi livet er i det.

12Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur hos dykk, må eta blod.

13Kvar den av israelittane eller av innflyttarane som bur hos dei, som fangar eit vilt dyr eller ein fugl som kan etast, han skal la blodet renna ut og ha jord over det.

147,27For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal støytast ut.

15 11,40 Kvar person, anten han er fødd i landet eller er innflyttar, som har ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, skal vaska kleda sine og bada. Han er urein heilt til kvelds. Då er han rein att.

16Dersom han ikkje vaskar kleda og badar, fører han skuld over seg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help