2. Samuelsbok 22 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

David syng

1 Han skaut sine piler og spreidde dei,

han skremde dei med lyn.

16Rennene på havbotnen kom til syne,

grunnvollane under jorda viste seg

då Herren truga,

då han fnyste av vreide.

17Han rette ut handa frå det høge og greip meg,

drog meg opp or veldige vatn.

18Han berga meg frå min mektige fiende

då dei som hata meg, var for sterke.

19På ulukkedagen kom dei imot meg,

men Herren var mi støtte.

20Han førte meg ut i ope land

og fria meg ut, for han har glede i meg.

21 Herren gav meg att for mi rettferd,

han lønte meg, for mine hender var reine.

22Eg hadde halde meg til Herrens vegar

og ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.

23Alle hans lover hadde eg for auge,

eg veik ikkje av frå hans forskrifter.

24For han var eg heil i mi ferd,

eg akta meg vel for å synda.

25 Herren lønte meg for mi rettferd

då han såg at eg var rein.

26Du er trufast mot den som er tru,

heilhjarta mot kvar heilhjarta krigar.

27Du viser deg rein mot den som er rein,

men vrang mot den som fer med svik.

28Du frelser eit folk i naud,

men auga dine er vende mot dei stolte,

du audmjukar dei.

29For du er mi lampe, Herre,

Herren lyser opp mitt mørker.

30Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,

med Guds hjelp kan eg springa over murar.

31Guds veg er fullkomen,

Herrens ord er reint.

Han er eit skjold for alle

som søkjer tilflukt hos han.

32For kven er Gud om ikkje Herren,

kven er eit berg om ikkje vår Gud?

33Gud er mitt sterke vern,

han gjer mi ferd heil.

34Han gjev meg føter som ei hind

og lèt meg stå på høgdene.

35Han lærer opp hendene mine til krig,

armane spenner bogen av bronse.

36Du gjev meg di frelse til skjold,

bøyer deg ned og gjer meg stor.

37Du opnar veg for mine steg,

anklane mine vaklar ikkje.

38Eg jagar mine fiendar og slettar dei ut,

eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.

39Eg gjer ende på dei og knuser dei

så dei ikkje kan reisa seg,

men ligg falne under mine føter.

40Du kler meg med styrke til krigen

og tvingar mine motstandarar i kne.

41Du slår mine fiendar på flukt,

eg utryddar dei som hatar meg.

42Dei ser seg om, men det er ingen frelsar,

dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje.

43Eg knuser dei som støv på jorda,

trør og trakkar dei ned som søle i gata.

44Du bergar meg frå mitt folk som ligg i strid,

held meg oppe som hovding over folkeslag.

Folk eg ikkje kjende, må tena meg;

45framande kryp for meg,

dei lyder berre dei høyrer om meg.

46Dei framande visnar,

skjelvande kjem dei ut or sine borger.

47 Herren lever! Velsigna er mitt berg!

Opphøgd er Gud, min frelsar og mitt berg.

48Gud lèt meg få hemn,

han legg folkeslag under meg.

49Han friar meg frå mine fiendar.

Du lyfter meg over motstandarar

og bergar meg frå valdsmenn.

50Difor vil eg prisa deg mellom folka, Herre,

og lovsyngja ditt namn.

51Han gjev sin konge store sigrar,

han viser miskunn mot den han har salva,

mot David og hans ætt til evig tid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help