1. Mosebok 16 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Hagar og Ismael

1Kona til Abram, Sarai, fødde han ingen born. Men ho hadde ei egyptisk slavekvinne som heitte Hagar.

2 Herrens engel fann henne ved ei vasskjelde i ørkenen, ved kjelda på vegen til Sjur.

8Han sa: «Hagar, Sarais slavekvinne, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg rømmer frå Sarai, husfrua mi.»

9Og Herrens engel sa til henne: «Vend attende til husfrua di og lat deg audmjuka under hennar hand!»

10Så sa Herrens engel til henne:

«Sjå, du er med barn

og skal føda ein son.

Han skal du kalla Ismael,

for Herren har høyrt at du vart audmjuka.

12Han skal bli eit villesel av eit menneske.

Handa hans skal vera vend mot alle

og alle hender mot han.

Rett imot alle slektningane sine

skal han slå seg ned.»

13 Difor blir brønnen kalla Lahai-Ro'i-brønnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered.

15Så fødde Hagar ein son til Abram. Og Abram gav sonen som Hagar fødde, namnet Ismael.

16Abram var 86 år gammal då Hagar fødde Ismael til han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help