1 Så tok han paktboka og las henne høgt for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt Herren har sagt.»
8Hebr 9,18ffDå tok Moses blodet, stenka det på folket og sa: «Sjå, dette er paktblodet, den pakta Herren har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda.»
9 19,24 Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel gjekk då opp
10Esek 1,26og fekk sjå Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safir, klårt som himmelen sjølv.
11Men mot Israels fremste menn lyfte han ikkje handa. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.
Moses på Sinai-fjellet12Sidan sa Herren til Moses: «Kom opp til meg på fjellet og bli der, så skal eg gje deg steintavlene, lova og boda som eg har skrive ned for å rettleia folket.»
13Då drog Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses gjekk opp på Guds fjell.
14Til dei eldste sa han: «Vent på oss her til vi kjem att! De har Aron og Hur hos dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.»
15Så gjekk Moses opp på fjellet, og skya dekte fjellet.
16Herrens herlegdom kvilte over Sinai-fjellet, og skya dekte det i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses frå skya.
17Israelittane såg Herrens herlegdom som ein øydande eld på fjelltoppen.
18Så gjekk Moses inn i skya og opp på fjellet. Og Moses vart verande på fjellet i førti dagar og førti netter.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.