1Ein salme av David.
Herre, høyr mi bøn,
vend øyret til mitt rop om nåde!
Svar meg, du som er trufast og rettferdig.
2
7 28,1 Skund deg og svar meg, Herre,
mi ånd går til grunne.
Løyn ikkje andletet for meg,
elles blir eg lik dei som går i grav.
8 25,1.4+ Lat meg høyra om di miskunn om morgonen,
eg set mi lit til deg!
Lær meg den vegen eg skal gå,
for eg lyfter mi sjel til deg.
9Fri meg frå mine fiendar, Herre!
Hos deg søkjer eg ly.
10 27,11 Lær meg å gjera din vilje,
for du er min Gud!
Lat din gode Ande leia meg
på jamn grunn.
11For ditt namn skuld, Herre,
hald meg i live!
Du som er rettferdig,
før meg ut av trengsla!
12Du som viser miskunn, rydd ut mine fiendar
og gjer ende på alle som står imot meg!
For eg er din tenar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.