1. Mosebok 31 - Bibel 2011 - Bibelselskapet(Bibel2011)

Jakob rømmer frå Laban

1Jakob fekk høyra at sønene til Laban sa: «Jakob har teke alt det far vår eigde. Denne rikdomen har han skaffa seg av det som høyrde far vår til.»

2Jakob såg på andletet til Laban at han ikkje var den same mot han som før.

3Laban var borte for å klippa sauene sine. Då stal Rakel terafane til faren.

20Og Jakob lurte Laban, aramearen; for han sa ikkje noko om at han ville rømma.

21Så rømde han med alt det han eigde. Han braut opp, sette over elva og tok leia mot Gilead-fjellet.

Laban følgjer etter Jakob

22Tredje dagen fekk Laban vita at Jakob hadde rømt.

23Då tok han med seg slektningane sine, forfølgde han sju dagsreiser og nådde han att på Gilead-fjellet.

24Laban sa til Jakob: «Kva er det du har gjort? Du har lurt meg og ført døtrene mine bort som om dei var krigsfangar.

27Kvifor rømde du i løynd og lurte meg? Kvifor sa du ingen ting til meg så eg kunne sendt deg av garde med glede og med song, med handtromme og lyre?

28Du lét meg ikkje eingong få kyssa barneborna og døtrene mine. No har du bore deg uvitug åt.

29Det står i mi makt å gjera dykk vondt. Men Gud til far dykkar sa til meg i natt: ‘Akta deg for å seia noko til Jakob, godt eller vondt!’

30Hadde ikkje Gud til far min vore med meg, han som er Abrahams Gud og Redsla til Isak, då hadde du sendt meg tomhendt bort. Men Gud har sett mi naud og slitet hendene mine har hatt, og i natt felte han sin dom.»

43Laban svara Jakob: «Døtrene er mine døtrer, borna er mine born, og buskapen er min buskap. Alt det du ser, er mitt. Kva kan eg i dag gjera for desse døtrene mine eller borna som dei har fått?

44Lat oss no gjera ei pakt, du og eg! Den skal vera vitne mellom meg og deg.»

Jakob og Laban gjer pakt

45Då tok Jakob ein stein og reiste han som ei støtte.

46Og han sa til slektningane sine: «Sank i hop stein!» Så tok dei steinar og laga ei røys, og dei heldt måltid der ved røysa.

47Laban kalla henne Jegar-Sahaduta, og Jakob kalla henne Gal-Ed.

48og Mispa, for han sa: «Herren skal halda auge med meg og deg når vi ikkje lenger ser kvarandre.

50Abrahams Gud og Nahors Gud, Gud til far deira, skal dømma mellom oss.» Så svor Jakob ved Redsla til Isak, far sin.

54Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad slektningane sine til måltid. Dei åt og vart verande på fjellet natta over.

55Morgonen etter stod Laban tidleg opp. Han kyste døtrene sine og borna deira og velsigna dei. Så drog Laban heim att.

Blog
About Us
Message
Site Map